Hei alle - og (snart) vel overstått sommarferie!
Her er eit tilbod til glade trekkspelarar i vårt nabofylke, Hordaland:
Det nærmar seg Høstspretten, det årlege seminaret i regi av NTL-Rogaland. I år har vi valt å legge arrangementet til Haugesund i høve Haugalandet trekkspillklubb sitt 30-årsjubileum. Derfor går Høstspretten rekordtidleg denne hausten, noko vi håpar ikkje lagar for mykje krøll for dine eller klubben sine planar.
Det blir både dans fredag og laurdag kveld og konsert med blueslegenda Reidar Larsen, i tillegg til seminar laurdag og søndag. Instruktørar blir Stian Aase og Lars Røyseng, som mange kjenner frå Duo Jupiter. Dei vil i tillegg opptre under konserten laurdag kveld.
Deltaking på Høstspretten kostar kr. 500,- for medlemmar av NTL, og kr. 350,- barn/ungdom. Deltakarar som ikkje er medlem av NTL betalar kr. 750,-.
Påmeldingskontingenten skal betalast til kontonummer 3333.36.06742 (NTL-Rogalands konto). Frist for innbetaling – og dermed garantert plass – er torsdag 1. september. Vi ber alle interesserte om å overhalde fristen!
NB! Skriftleg påmelding sendast samtidigtil underteikna på denne e-post-adressa. Skriv namn og telefonnummer samt kva kurstype du kan tenke deg å delta på; gammaldans/underhaldningsmusikk, eller kammermusikk.
For yttarlegare spørsmål og informasjon om arrangementet, ta kontakt med underteikna, eller sjekk ut følgande lenker:
http://www.haugalandtrekkspillklubb.no
http://www.trekkspillforbundet.no/rogaland
Vi gjer oppmerksam på at NTL-Rogaland sitt arrangement Høstspretten og påmelding til 30-årsjubileet til Haugalandet trekkspillklubb må gjerast separat. Skjema for påmelding til sistnemnde, samt prisar, sendast prompte på forespørsel!
Vel møtt til ei flott helg i musikkens teikn!
For NTL-Rogaland
Tore O. Koppang
leiar