Skip to main content Skip to footer

Kristina Farstad Bjørdal i spissen for ny folkemusikkfestival

I september 2026 blir Ålesund vertskap for ein heilt ny folkemusikkfestival: Aalesund Folk Festival. Festivalen har fått mottoet «Folk til folket» – ei formulering som både speglar festivalen si kjerne og ambisjon: å gje folkemusikken tilbake til dei den spring ut frå. I spissen for arrangementet står festivalsjef Kristina Farstad Bjørdal. 

Arrangørane ønsker å opne dørene for eit breiare publikum og skape nye møte mellom tradisjon, fornying og generasjonar.

– Vi trur folkemusikken har ei kraft som kan nå mykje breiare enn han gjer i dag. Vår visjon er å skape ei oppleving som både respekterer dei eldste tradisjonane og samstundes inviterer til nye møte, seier festivalsjefen. 

Programmet vil kombinere konsertar, kurs og møteplassar, og favne både heilt tradisjonell norsk folkemusikk, internasjonale impulsar og eksperimentelle uttrykk som utfordrar sjangeren. Festivalen rettar seg òg særleg mot unge utøvarar som får høve til å lære av erfarne musikarar og møte andre med same interesse.

I samarbeid med Fabrikken Kulturscene og Kulturskulen i Ålesund skal det skapast arenaer og kurs der publikum kan oppleve både det nære og det grenselause i musikken.

Saman med mellom andre Stefan Olsen, nestleiar og medeigar i Fabrikken Kulturscene, og den velrennomerte spellemannen og kursleiaren Jan Beitohaugen, jobbar Bjørdal no med å fylle festivalen med både konsertar, fest og fagleg innhald.

På programmet skal det vere noko for alle. På heimesida til festivalen les vi at Kvarts, Jovan Pavlovic, Britt Elise Skram, Jan Beitohaugen Granli og Carl Petter Opsahl er blant dei me får høyre. Vidare vert det barne- og ungdomskurs, ein festivalkvartett og folkemusikkgudsteneste med Carl Petter Opsahl. Festivalkomponist i 2026 er Jo Asgeir Lie.

Med etableringa av Aalesund Folk Festival blir Ålesund ein ny aktør på det nasjonale festivalkartet for folkemusikk – med ein tydeleg eigen profil. Som ein kyst- og byfestival skal han både spegle dei lokale røtene og knyte band utover landegrensene.

Ambisjonen er å bli ein årleg institusjon, der musikken er like mykje til for lokalsamfunnet som for den kulturinteresserte reisande.

Kristina Farstad Bjørdal (foran, til venstre) er sjef for Aalesund Folk Festival. Her ser vi henne saman med produsent Marius Berglund, nestleiar Stefan Olsen og sponsorsjef Malin Olsvik Wollstad. (Pressefoto)

About the author

Per Jørund Grøthe