Trekkspel og dans fyller Grand Hotel Skei
Trekkspelfestivalen Skeitreffen går snart av stabelen. Helga 7.–9. november samlar lokale arrangørar heile Vestlandet til ei heil helg med trekkspel, musikk og dans på Grand Hotel Skei. Under festivalen kjem nokre av dei fremste utøvarane i Norden på instrumentet, og festivalen håpar å skape ein god møteplass for både unge og eldre som vil oppleve trekkspel på sitt beste.
– Det er utruleg gledeleg at arrangementet har fått så mykje merksemd, seier festivalleiar Emil Horstad.
Trekkspeltreffet, som har vore arrangert sidan 1974, fyller igjen hotellet på Skei med trekkspelinteresserte publikummarar. Etter mange månadar med planlegging er Horstad svært glad for at hotellet snart er fullbooka, og at festivalhelga nærmar seg.
– Det går med mange timar til å planleggje eit slikt arrangement, men det er utruleg givande når ein ser resultatet av innsatsen.
I løpet av helga vert det både konsertar, dansespel og distriktsmeisterskap i trekkspel, i samarbeid med Norske Trekkspilleres Landsforbund. Utøvarar som Annika Andersson, Håvard Svendsrud og Øivind Farmen skal opptre under festivalen. Desse er blant dei fremste me har på instrumentet, ifølgje Horstad.
– Vi er også svært glade for å ha med lokale lag og grupper, fortel han vidare.
Spelemannslaget Fjellklang og toradarlaget Hafslobelgen er nokre av dei som sørgjer for at dansegolvet held seg varmt gjennom helga. Annika Andersson bidreg med musikk under Skeitreffen. Sjølv med eit tettpakka program meiner Horstad at det viktigaste ikkje nødvendigvis skjer på scena, men i det sosiale fellesskapet og buskspelet.
– Det å kunne skape slike møteplassar i ei tid der vi sit meir og meir for oss sjølve på sosiale medium, gjer slike arrangement svært viktige.
Han håpar at så mange som mogleg tek turen for å oppleve trekkspelet på sitt beste.