Hei alle - og (snart) vel overstått sommarferie!
Det nærmar seg Høstspretten, det årlege seminaret i regi av NTL Rogaland. I år har vi valt å legge arrangementet til Haugesund i høve Haugalandet trekkspillklubb sitt 30-årsjubileum. Derfor går Høstspretten rekord-tidleg denne hausten, noko vi håpar ikkje lagar for mykje krøll for dine eller klubben sine planar.
Det blir både dans fredag og laurdag kveld og konsert med blues-legenda Reidar Larsen, i tillegg til seminar laurdag og søndag. Instruktørar blir Stian Aase og Lars Røyseng, som mange kjenner frå Duo Jupiter. Dei vil i tillegg opptre under konserten laurdag kveld.
Deltaking på Høstspretten kostar kr. 500,- for medlemmar av NTL, og kr. 350,- barn/ungdom. Deltakarar som ikkje er medlem av NTL betalar kr. 750,-.
Påmeldingskontingenten skal betalast til kontonummer 3333.36.06742 (NTL-Rogalands konto). Frist for innbetaling – og dermed garantert plass – er torsdag 1. september. Vi ber alle interesserte om å overhalde fristen!
NB! Skriftleg påmelding sendast samtidigtil underteikna på denne e-post-adressa. Skriv namn og telefonnummer samt kva kurstype du kan tenke deg å delta på; gammaldans/underhaldningsmusikk, eller kammermusikk.
For yttarlegare spørsmål og informasjon om arrangementet, ta kontakt med underteikna, eller sjekk ut følgande lenker:
www.haugalandtrekkspillklubb.no
http://www.trekkspillforbundet.no/rogaland
Vi gjer oppmerksam på at NTL-Rogaland sitt arrangement Høstspretten og påmelding til 30-årsjubileet til Haugalandet trekkspillklubb må gjerast separat. Skjema for påmelding til sistnemnde, samt prisar, blir sendt prompte på forespørsel.
Vel møtt til ei flott helg i musikkens teikn!
For NTL-Rogaland
Tore O. Koppang
leiar



Rogaland, D5


