Sandnes trekkspillorkester (STO) er fem år i 2010 og markerer dette bl.a. med å invitere til komponist-konkurranse. Det er allereie motteke bidrag, men med ein dag igjen før fristen går ut, er det fortsatt håp om nokon der ute vil satse på 1. premien (kr. 8000,-) eller 2. premien (kr. 3500,-). Resultata blir annonserte i Trekkspillnytt og på våre heimesider når juryen - trekkspelar Johan Egdetveit og musikar/høgskulepedagog Ove Hetland - har gjort sitt endelege vedtak. Vinnarverka vil mest sannsynleg bli urframført på eitt av Sandnes bys offisielle 150-årsjubileum-arrangement i 2010. Verket skal vere av swing-karakter for tre stemmer + akkompagnement. For evt. meir informasjon, sjå Trekkspelnytt nr. 5/09 side 73 eller ring underteikna. Tore O. Koppang musikalsk leiar STO. 920 94 149 - 51 62 34 55.



