Trekkspillforbundet

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Hovedsiden Rogaland, D5 Resultat STOs swing-komponist-konkurranse!!

Resultat STOs swing-komponist-konkurranse!!

E-post Skriv ut PDF
Her er resultatet av swing-komponist-konkurransen i regi av Sandnes trekkspillorkester. 
 
Vi fekk inn fire gode forslag, og det var smak og behag hos den einskilde dommar som avgjorde kven som til slutt stod att som prisvinnarar.  Resultatlista er eit resultat av at kvar dommar fekk gi 10 poeng til sin favoritt, 8 poeng til nr. 2, 7 poeng til nr. 3 og 6 poeng til nr. 4.  Det kan kome på tale at samtlege bidrag blir tekne i bruk, jamfør utlysingsteksten.  (Bidraga blir ikkje honorerte utover prisane gitt i denne konkurransen, men vil verken bli utgitt eller spelt inn utan samtykke frå komponistane.)
 
Vi takkar komponistane for dei flotte bidraga og dei eksterne dommarane Ove Hetland og Johan Egdetveit for jury-arbeidet som blei koordinert av underteikna. 
 
Under følger resultatlista med poengsummane vi endte opp med.
 
 
 
Med beste helsing
 
 
Tore O. Koppang
 
musikalsk leiar
Sandnes trekkspillorkester
 
 
 
RESULTAT:
 
1. plass, 26 poeng, kr. 8000,-:
Blue and clear as a sky (Thomas Torstrup, Trondheim)
 
2. plass, 24 poeng, kr. 3500,-:
Nyttårsswing (Bente Midtsveen, Oslo)
 
3. plass, 22 poeng:
STO-swing (Rune Larsen, Kvaløysletta)
 
4. plass, 21 poeng:
Swing-it (Sigurd Johannessen, Oslo)
Sist oppdatert onsdag 02. juni 2010 22:28  


Besøkende

Vi har 2 gjester her nå