Hovedsiden Rogaland, D5 DM 2011 - festhelg i Haugesund

DM 2011 - festhelg i Haugesund

E-post Skriv ut PDF
Neste års DM på trekkspel i distrikt 5 går 25.-27. februar som ein del av Haugalandet trekkspillklubb si festhelg på Rica Maritim Hotel Haugesund.  DM blir arrangert laurdag og blir runda av med fest, dans og premieutdeling. 
Allereie frå fredag av er det høve til å delta på dansekurs (tango og swing) og seminar på trekkspel med topp instruktørar.  Kursa går heile helga, og det er høve til å delta sjølv om det måtte kollidere med deltaking på DM.  For meir informasjon om kursa, sjå www.haugalandtrekkspillklubb.no
Påmelding til DM skal gjerast på vanleg måte ved utfylling av påmeldingsskjema, som de finn i menyen på NTL-sidene.  Ta kontakt om de vil ha tilsendt papir-utgåve av påmeldingsskjemaet.  Påmeldingsfrist: 15. januar 2011.
Nytt om DM og festhelga blir lagt ut forløpande, samt distribuert til alle våre kontaktar. For hotell-bestilling, bruk lenka under og vis til DM på trekkspel: http://www.rica.no/Hoteller/Rica-Maritim-Hotel/
Vel møtt til dyst i februar!
Med helsing Tore O. Koppang, leiar NTL-Rogaland. mob.tlf.: 920 94 149. e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Sist oppdatert lørdag 04. desember 2010 07:38  


Besøkende

Vi har 7 gjester her nå