Hovedsiden Rogaland, D5 DM 2011 - distr. 5, Haugesund - info pr. 4.1.11

DM 2011 - distr. 5, Haugesund - info pr. 4.1.11

E-post Skriv ut PDF
DM 2011 - festhelg i Haugesund

Årets DM på trekkspel i distrikt 5, Hordaland & Rogaland, går 25.-27. februar som ein del av Haugalandet trekkspillklubb si festhelg på Rica Maritim Hotel Haugesund.  Sjølve distriktsmeisterskapen blir arrangert laurdag 26.2 og blir runda av med fest, dans og premieutdeling.  Blant dommarane finn vi Jörgen Sundeqvist, som òg skal ha seminar og konsert denne helga. 

Allereie frå fredag av er det høve til å delta på dansekurs og seminar på trekkspel med topp instruktørar.  Kursa går heile helga, og det er sjølvsagt høve til å delta sjølv om det måtte kollidere med deltaking på DM.  For meir informasjon om kursa, sjå denne lenka:

www.haugalandtrekkspillklubb.no

 

Påmelding til DM skal gjerast på vanleg måte ved utfylling av NTLs påmeldingsskjema.  Ver obs på at det er gjort visse justeringar for klasseinndelingane frå i år av.  Vedlagt er oppdaterte påmeldingsskjema og retningsliner for DM, som de med tida òg skal finne på heimesida til NTL under følgande lenke:

http://trekkspillforbundet.no/images/M_images/pdf/pamelding.pdf

(dessverre ikkje oppdatert pr. 2.1.11, men dei kjem nok!)

Ta kontakt om de vil ha tilsendt papir-utgåve av påmeldingsskjemaet.  Påmeldingsfrist: 15. januar 2011.  Ver venleg å halde fristen, for å gjere førebuingane så smidig som muleg!  Og - ta endeleg kontakt om du lurer på noko!

 

Pris for deltakar: kr. 250,- for medlemmar/utøvarar på akkompagnement, kr. 450,- for ikkje-medlemmar.  Beløpet bes innbetalt innan 15. januar 2011 til

 

NTL-Rogaland

v/Oddvar Haga

4272 Sandve

 

bankgiro 3333.36.06742

 

Nytt om DM og festhelga blir lagt ut forløpande, samt distribuert til alle våre kontaktar. For hotell-bestilling, bruk lenka under og vis til DM på trekkspel.  Det er viktig at de brukar denne referansen, ikkje hotellet sine andre reservasjonsordningar: 

 

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

  

Hotellprisar:

 

Enkeltrom: Kr. 750,- per døgn

Dobbeltrom: Kr. 500,- per person per døgn

Dagpakke: Kr. 350,- per person

Middag buffet fredag: Kr. 225,- per person

Lunsj lørdag ledsager Kr. 225,- per person

Middag lørdag 2 retters og kaffe Kr. 225,- per person
 

Meir info om Haugesund finn de gjerne her: www.visithaugesund.no/no/ 

 

Vel møtt til dyst i februar!   

 

 

Med helsing

 

Tore O. Koppang

 

leiar NTL-Rogaland

Sist oppdatert tirsdag 04. januar 2011 09:25  


Besøkende

Vi har 7 gjester her nå