Skip to the content

Heine Bugge inviterer til trekkspelkonsert

KONSERT: Heine Bugge inviterer til konsert. (Foto: Privat)

Trekkspelaren Heine Bugge inviterer til konsert 27. juni i Griegsamlinga i kunst- og kultursenteret Oseana i Os.

- Komande laurdag, 27. juni, gjer vi noko litt annleis. Då inviterer vi opptil 50 publikummarar til å starte føremiddagen til trekkspel, godt humør og utsikt over fjord og fjell, heiter det i invitasjonen til arrangementet.

Heine Bugge spelar glansnumre og personlege favorittar frå ulike sjangre og verdshjørner. Det vil bli kjende og kjære trekkspelklassikarar av mellom andre Astor Piazzolla, Arnstein Johansen og Sven Nyhus, i tillegg til eigne komposisjonar.

Heine er mellom anna kjend frå duoen Polkabjørn og Kleine Heine, men denne morgonen er Heine åleine med trekkspelet.

 

Om skribenten

Per Jørund Grøthe

Per Jørund Grøthe