Skip to the content

AVLYST Belgdrag 14.-15. november

BUSKSPELL: Her ser vi frå buskspel under Belgdrag i 2018. (Arkivfoto)

ARRANGEMENTET ER AVLYST PGA. CORONASITUASJONEN

Belgdrag i Sandnes vil i haust finne stad 14.-15. november og som før på Quality Hotel Residence i Sandnes. Eit forseinka DM vil òg bli gjennomført samtidig. Velkomstbrevet fra kretsleder Tore Koppang: 

Hei igjen alle! 

Det er enno over ein månad til vi møtest til dyst og kursing 14. november, men vi minner likevel om at påmeldingsskjemaet må vere meg i hende innan 1. november. Samtidig må de melde inn følgande oppysningar: 

DM laurdag 14. november 

Sjå påmeldingsskjema (vedlagt). Påmeldingsavgift berre for klubbar/orkester: kr. 1500,-.  

Belgdrag i Sandnes laurdag-søndag 14.-15. november 

  • Namn på kursdeltakar og kva kurs du vil delta på - toradar med Arve Bjørn Røneid eller komp med Istvan Nåden. (Trekkspelkurs dersom interesse.)  
  • Antal festmiddag, pris ca. kr. 495,- pr. person 


Dansespeling laurdag kveld: Meld evt. ønske om speletid - tidleg/seint i tidsrommet kl. 19.30-23.30 - og om de vil ha ei 20- eller 30-minutts økt. Etterpå satsar vi på buskspel i korona-tilpassa former. 

Send gjerne eit bilde med påmeldinga til bruk på plakaten. 

Covid-19-restriksjonar vil bli følgde etter beste evne, og det vil bli registrering av namn og telefonnummer i døra. Vi må dessutan overhalde kravet om maksimalt antal gjestar i lokalet til eikvar tid (pr. i dag: 200). Alle må imidlertid sjølve ta ansvar for personleg hygiene og sosial omgang... Reknar med at vi skal greie dette! 😉 

PÅMELDINGSSKJEMA DM

 

Med helsing 

NTL-Rogaland 

Tore 

 

Meir informasjon følger bl.a. på facebook
og e-post.

Om skribenten

Trekkspillforbundet