Skip to the content

Innkalling til årsmøte 2021 i Vestland krets av NTL

Kjell Øystein Rutle er leiar i Vestland krets av NTL. (Foto: Privat)

Sundag 21. mars, kl. 11.00, er det årsmøte i Vestland krets av NTL. Møtet blir halde på Lærdalsøren Hotel i Lærdal (Sogn og Fjordane). Hjarteleg velkomne til møtet!

Møtet vert organisert i ein formell del - årsmøtet, og ein dugnadsdel der alle tankar, idèar og saker kan takast opp og drøftast. Alle, uansett medlem eller ikkje, og som har eit forhold til trekkspel/toradar er hjarteleg velkomne. Det er eit ynskje at alle møter til årsmøtet kl. 11.00 og følgjer også det møtet. VELKOMNE!​

Grunna korona, er fristen for påmelding 3. mars (telefon/SMS - 952 81 078). Møtet vert regulert i høve korona!

 

SAKLISTE:

1) Godkjenning av innkalling og sakliste

2) Val av møteleiar/ordstyrar

3) Val av referent

4) Val av 2 personar til å underskrive protokollen (referatet)

5) Val av 2 personar til teljekorps

6) Årsmelding – gjennomgang/godkjenning

7) Rekneskap – gjennomgang/godkjenning

8) Handlingsplan – gjennomgang/godkjenning

9) Budsjett – gjennomgang/godkjenning

10) Val av tillitsfolk (ref. eige skriv)

11) Innkomne saker

 

Balestrand 6. februar 2021,

styret ved Kjell Øystein Rutle,

leiar NTL Vestland 

(Tlf. 95 28 10 78)

Om skribenten

Kjell Øystein Rutle