Skip to the content

Irene Tillung og Ole Nilssen til Førdefestivalen

Irene Tillung er blant aktørane under Førdefestivalen. (Arkivfoto: Per Jørund Grøthe)

Førdefestivalen er den største folkemusikkfestivalen i Skandinavia. I år går den frå 7.-11. juli. Blant artistane er Irene Tillung (biletet) og hennar Ti på taket-prosjekt. Elles nemner vi at trekkspelaren Ole Nilssen også er med. Han er ein av distriktsmusikarane i barnekulturprosjektet som får premiere under festivalen denne gong. 

I år er temaet for festivalen HEIME, og alle artistar er busette i Noreg.

- I meir enn tretti år har Førdefestivalen presentert musikarar frå heile verda, men då vi såg at verda også i juli truleg vil vere prega av reiserestriksjonar, bestemte vi oss for å lage eit program med musikarar som er busette i Norge. Publikum vil likevel få oppleve mellom anna indisk raga, klezmer, flamenco, arabiske tonar, balkanrytmar, persisk og irsk musikk, ved sidan av den norske folkemusikken. Verda kjem altså til Førde i år også, men blir ikkje så langreist, seier direktør Per Idar Almås i pressemeldinga frå arrangøren.

Om skribenten

Per Jørund Grøthe

Per Jørund Grøthe