Bli med på Stordaltreffen i september!

Vestland krets av NTL inviterer til trekkspelsamling på Stordalen Fjellstove i Matredal frå 23.-25. september.
– Målet er å samle trekkspelmiljøet i Vestland til ei uformell spele- og aktivitetshelg der musikken vår står i sentrum! Trekkspelmiljøet vårt famner frå femradar til toradar samt akkompagnementinstrumenta («kompet»), og alle er hjarteleg velkomne, seier arrangøren.
Programmet er: Spele med/til kvarandre, konsert og fellesspel (melodiar med toneart for «begge trekkspela»), høve til opplæring, dans! (Detaljert program vil følgje etter at førebels påmelding er på plass.)
Det vert halde eit informasjons- og aktivitetsmøte om: «Kvar er me (status) – kva/kvar vil me (framtida vår)» og «NTL Vestland si utvikling»!
Dersom grupperingar eller einskildpersonar ynskjer opplæring/kurs i ei eller anna form, vil me leggje til rette for det, men denne delen vert «tona litt ned» då andre ting også er viktige å få gjennomført denne helga. Meld frå om det er særlege ynskjer i samband med dette! Meld også frå om de ynskje å delta med konsertinnslag!
Dersom det er andre tema, tankar og idéar de gjerne vil skal drøftast på denne samlinga, så meld gjerne frå slik at styret kan førebu sakene!
Kontakt, informasjon og påmelding: Kjell Øystein Rutle – 952 81 078. E-post: post@rutlevvs.no. Bestilling av overnatting, mat og camping - kontakt Fjellstova direkte: 902 58 846 – epost: post@stordalenfjellstove.no
Påmeldingsfrist (førebels for å «lodde interessa»): 25. juli!