Artikel arkiv

Trivselshelg med belg i regi av Ulstein trekkspelklubb

28-03-2019


INVITERER: Ulstein trekkspelklubb inviterer til trivselshelg med belg.

Ulstein trekkspelklubb inviterer alle trekkspelentusiastar i Møre og Romsdal til samspelkurs og trekkspelkafé på Reiten/Ulsteinvik, 6. og 7. april.

Det er fritt fram for alle som kan tenkje seg å prøve. Unge som eldre. Du treng ikkje å ha nokon forkunnskap, og det er ikkje noko krav om at du skal kunne lese notar. Så viss du har lengta etter å kunne spele trekkspel, er dette helga for deg. Det blir og tilrettelagt for dei som er vidarekomne. Gruppene blir delt inn etter alder og nivå. Klubben vil prøve å stille med instrument til den som ikkje har sjølv. Det heile startar på formiddagen laurdag, og avsluttast med konsert på ettermiddagen søndag.

Hovudfokuset for helga blir samspel, og fire dyktige lokale instruktørar er klare. Knut Ivar Bøe, Kristina Farstad Bjørdal, Kåre Jørve og Linda Nygård har lang erfaring med undervisning i trekkspelmiljøet, og håper at mange vil ta turen til Ulsteinvik. Dei ulike gruppene skal øve inn eit lite repertoar som skal framførast i Reitensalen på søndag. Andre interesserte er og velkomne til å delta på konserten, enten det er som solist eller i gruppe.

Bernt Hansen på kontrabass og Peter Demirov ved slagverket vert seminarkomp, og skal øve i lag med gruppene på søndag.

Konserten er lagt opp som ein trekkspelkafé med småbord, og sal av mat og lodd.

Påmeldingsfristen er sett til 31. mars.

Dette er andre gongen klubben arrangerer ei slik helg. Første samlinga var for to år sidan, og då var det nærare 30 ivrige trekkspelarar frå heile fylket som var i sving.

Det at unge og eldre med felles interesse kan møtast, er viktig for miljøet. Ulstein trekkspelklubb ynskjer å byggje gode relasjonar mellom trekkspelarane her i fylket, og håper det igjen vil ha ei positiv utvikling for miljøet.

Klubben, som i dag tel 13 aktive musikarar, er i år ti år, og dette blir ein del av jubileumsfeiringa.