Inviterer til NordAccordion på Voss

24-01-2018


Ida Løvli Hidle står i spissen for den nye festivalen saman med Geir Draugsvoll. (Pressefoto: Erika Hebbert)

NordAccordion er ein helt ny akkordeonfestival, som går på Voss frå 22.-27. juli! Han er unik ved at han kombinerer mesterklassar og kurs av høg kvalitet for unge akkordeonistar, med konsertar for eit breitt publikum. Festivalen blei etablert av Geir Draugsvoll og Ida Løvli Hidle med eit ønske om å skape eit sommarkurs for unge, begava akkordeonister. Eit sommarkurs dei skulle ønskje at fantes då dei sjølv var unge. 

I tilknyting til sommarkurset vil det bli arrangert ei rekkje konsertar rundt om på Voss og i distriktet. Konsertane vil presentere eit breitt spekter av norske og internasjonale akkordeonistar og trekkspelarar innanfor fleire sjangrar. Publikum vil få høyre alt frå klassisk- og samtidsmusikk til jazz og folkemusikk. 
 
Kurset finn stad på Ole Bull Akademiet. Her blir det halde mesterklassar og konsertar. I tillegg vil kursdeltakarar og instruktørar få kost og losji her. Ole Bull Akademiet ligg sentralt ved Voss sentrum, med flott utsikt over bygda. Det blir konserter ved Stalheim Hotell, på Prestegardslandet og i Vangskyrkja. Som ein del av kurset vil også artistane på festivalen halde workshops innanfor sine felt. 
 

Festivalen blir arrangert saman med Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag.

(Pressemelding)