Skip to main content Skip to footer

Laut vera kreative når dei skulle skaffa inntekter til trekkspelklubben

– Lensmannen kom på døra

Det var mat, mimring og musikk då Sogndal Trekkspelklubb feira sine første 50 år. 

– No har eg «dragstinens» her, kjem det frå forsamlinga når tapasbuffeen er fortært og gamlekara har fått sine tildelte minutt med historier frå gamle dagar. Og ingen er spesielt vanskelege å be. I løpet av to-tre minutt sit 12–13 menn og kvinner klare med trekkspelet på fanget. Ein kontrabass kan dei òg slå i bordet med. For sjølvsagt må musikken stå i sentrum når Sogndal Trekkspelklubb markerer 50-årsjubileet. Etter ei kjapp avstemming om første nummer skal gå i C eller G, så er dei i gang. Det er som om taket på Dampskipskaien løfter seg. Toneart? C.

Idealistar

Ein som har vore med i Sogndal Trekkspelklubb heile vegen er Trygve Kvåle, mange av dei som leiar. 

– Det starta med at ein del av dei «profesjonelle» trekkspelarane i Sogn fann ut at dei ville prøva å starta ein trekkspelklubb, fortel han.

Karar som Nils O. «Dinne» Røysum, Oddvar Stegegjerde og Norvald Navarsete var nestorane i miljøet. Dei tok alt av opplæring på «oss som ikkje kunne så mykje», for å bruka ein beskjeden Kvåle sine ord.

– Dei var idealistar, og skulle ikkje ha noko. Dei var med fordi det var moro. Litt pengar måtte ein likevel få inn, og for å få til det var det berre ein ting å gjera – ut å spella.

Godt med folk

– Det var den måten me heldt liv i klubben dei første åra. Det var ikkje mogleg å få offentlege tilskot og slikt. Me måtte slita inn pengane sjølve.

Gode avtalar med Sogndal Hotell og Knausen sikra spelejobbar.

– Dette var ei fin tid. Me fekk opptre, og fekk betalt ved billettinntektene. Hotellet tente på det deis elde av vått og tørt. 

– Mest det siste?

– Ja, mest det.

Lensmannen på døra

– Det var ei fin tid. Me hadde godt med folk på dansetilstellingane våre, legg han til. 

– Eg har ein historie som er litt på kanten. Eg veit ikkje om den bør i avisa.

– Det går sikkert heilt bra…

Utlodding vart nemleg ei annan god inntektskjelde.

– Dette var vel midt på 70-talet. Me skulle spela på eit julebord på Skjolden Hotell og så var det ein, Peder Molland, han fann no på alt mogleg, som bestemte at me skulle kjøpa ei kasse juleøl og lodda den ut. Og det gjorde me. Me hadde ikkje kassa med oss, men det var noe ein som vann.

– Problemet var at Peder sette inn i avisa kven som hadde vunne, humrar Kvåle.

– Då gjekk det ikkje mange timar før han hadde lensmannen Fossøy på døra. Han var hissig. Å lodda ut alkohol, det var strengt ulovleg, og ikke hadde me søkt om løyve til å ha utlodding heller. Det skulle ein og gjera. Me fekk streng beskjed om å ikkje levera ut kassa.

Diskret løysing

Men ingen seie at Sogndal Trekkspelklubb let folk i stikken.

– På den tida måtte me bestilla øl her nede på kaien, og henta det ei veke etter mot å visa hentelapp. 

Dette opna jo moglegheiter.

– Vinnaren tok turen ut til Sogndal, fekk hentelappen hjå oss, gjekk stille og roleg ned på kaien, henta kassa og reiste inn att til Skjolden.

Over toppen

Det har vore aktivitet i klubben alle desse 50 åra, men det har dabba av, det er Kvåle klar på. 

– Det var ei fin tid dei første ti-tolv åra, trass alt var trekkspelmusikk framleis ganske populært, men det byrja å bikka nedover etter kvart, seier han og held fram: 

– Dei som kom når me spelte til dans var dei som var like gamle oss, og helst litt eldre. Dei som var yngre kom ikkje for å dansa gamaldans, det må me innrømma. Den tida er forbi. Toppen for trekkspelmusikk var nok på 50- og 60-talet.

Men sjølv om rekrutteringa har gått nedover, er det framleis ein vital jubilant som markerer det runde talet på Damskipskaien.

– Me er no ikkje så voldsomt mange som er aktive, men ein del er det no. 

Når Sogn Avis forlet lokalet ljomar det godt i veggane, så det ser ut som klubben ikkje legg inn årene heilt endå. 

(Tekst og foto: Svein Erik Hovland/Sogn Avis)