Skip to main content Skip to footer

Vellukka samspelseminar på Melhus

Sør-Trøndelag krets har lang tradisjon for å arrangere samspelseminar, og etter nokre år med opphald, vart denne tradisjonen tatt opp att denne helga på Melhus. Deltakarane fekk utdelt repertoaret på førehand, så denne dagen vart brukt til øving på samspel og sosialt samvere. Instruktørar var Karin Toften og Miguel Falcon Græsdal.

Det heile vart avslutta med ein konsert på Buen Helse – og omsorgssenter for bebuarar og føresette. På konserten vart det både gammaldans, underholdningsmusikk og allsang ved Trondheim Accordion Club. I tillegg til fekk seminardeltakarane vise kva dei kunne gjennom fine solist– og gruppeframføringar.